Tilrår kjøp av aksjar

Fylkesutvalget sluttar seg samrøystes til tilrådinga frå fylkesrådmannen om å kjøpe aksjar for to millioner kroner i Blue Innovation Arena AS.

ÅKP
BOIA HoloRoom 2.jpg

Fylkesutvalet hadde møte 4. april og tilrådinga blei samrøystes vedteke.

- Dette er eit spennande og godt prosjekt for heile regionen, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Blue Innovation Arena skal bidra til meir innovasjon i næringslivet i fylket

Det er Ålesund kunnskapspark, ÅKP som står bak innovasjonsarenaen, som vil bli bygd rundt den unike simulerings- og visualiseringsplattforma som skal etablerast på Campus Ålesund. Arenaen har eit finansieringsbehov på 13 mill. kroner, og blir ferdigstilt hausten 2017.

Målet med innovasjonsarenaen er å gi bedrifter tilgang til topp moderne fasilititetar for digitale innovasjonsprosessar, og samstundes skape ein kunnskapsalmenning på tvers av fagområde, næringar, gründarar og det offentlege. Her skal den maritime klynga, andre næringar, akademia og det offentlege kunne møtast for å skape nye idear, ny kunnskap og ny forretningsverksemd.

-Med eit næringsliv som står midt i den globale konkurransen, og ei teknologisk utvikling som går fort, må fylkeskommunen som regional utviklingsaktør vere med å legg til rette for at bedrifter i fylket skal kunne ta del i utviklinga. Med realisering av prosjekt som Blue Innovation Arena, kan vi vere med på å sikre dette, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Saka skal opp til behandling i fylkestinget i slutten av april.

Les heile saksframlegget her