Stiller utfordrande spørsmål i nytt tilbod
– Dette er eit tilbod for dei som vil utforske potensialet og finne ut kva slags moglegheiter ei bedrift har.

Det seier Robert Voldnes, som er ansvarleg for det nye programmet i ÅKP, som har fått namnet StepUp.
– Vi opplever ein større etterspørsel frå bedrifter som er i ei tidleg fase, samd små- og mellomstore bedrifter. Difor har vi no utvikla eit spissa tilbod til dei, seier Voldnes, og legg til:
– Medan ScaleUp er for bedrifter som har bestemt seg for å satse stort, er StepUp eit meir avklarande program. Førstnemnde køyrer vi som før med stor suksess.
Må ha ambisjonar
Vilkåra for å kunne bli vurdert som deltakar er ambisjonar og potensiale.
– Målsetjinga med StepUp, som inneber fire samlingar, er å avklare statusen på bedrifta di, belyse i kva retning du kan gå vidare og kva slags vekststrategi som er riktig for å kunne klare dette. Vi skal stille dei deltakande bedriftene utfordrande spørsmål, forklarar Voldnes.
I løpet av dei fire samlingane skal deltakarane innom ulike vekststrategiar, ulike metodar for forretningsmodellering, viktige analysar, eit blikk på trendar og kapitalkilder, for å nemne noko.
– I siste samling vert det sett opp «simuleringsrom» der velmeinande mentorar vil gje deg tilbakemelding på statusen din, seier Voldnes.
Bli meir avklart

– Vi vil at bedriftene etter StepUp skal vere meir avklart både med tanke på val av marknadssegment, forretningsmodell, men også kring eventuelle finansieringsspørsmål, påpeiker Håvar Risnes, som er leiar for StepUp & ScaleUp i ÅKP.
Kven som blir med på programmet blir det gjort ei vurdering på, seier Risnes:
– Det er ikkje vanleg påmelding til programmet, men interesserte bedrifter må ta kontakt. Deretter vil teamet i ÅKP Startup & Scaleup gjere vurderingar og setje i hop kullet i tråd med retningslinene.
Vederlagsfritt
Medarbeidarane i ÅKP ligg ikkje på latsida og ser for seg å starte allereie i byrjinga av mai.
Om fleire deltakarar er geografisk langt unna Ålesund kan det bli aktuelt å flytte StepUp nærmare deltakarane.
Ekstra gledeleg for deltakarane er det at programmet er finansiert gjennom ulike sponsorar slik at det er vederlagsfritt. Søknadsfristen er allereie 26. april.
– Er de klare for å brette opp ermane? Bli med på ÅKP StepUp, lyder oppmodinga frå ein engasjert Robert Voldnes.
Høyrest dette interessant ut? Les meir her:
NYHET! ÅKP StepUp for vekstorienterte bedrifter
Ta gjerne kontakt med oss:
Robert Voldnes - robert.voldnes@aakp.no
Elisabeth Remøy, elisabeth.remoy@aakp.no