Skryt til StepUp varmar rådgivarhjarta i ÅKP

– Kjekt at vi kan tilføre verdi! StepUp handlar om det å sjå trendar og bli inspirert. Vonleg ligg der òg ein god del gruppelæring i det å delta i eit kull.

ÅKP
MøreMedia1.jpg

Foto: Trioen: Møre Media består i dag av denne trioen; frå venstre ser ein dagleg leiar og Art Director Caroline H. Engeset, grafisk designar Madeleine V. Viddal og fotograf Cecilie Hatløy. I august 2023 blei Møre Media AS skipa, etter å ha bytta namn frå Fotograf Cecilie Hatløy AS. Med det var eit nytt kapittel opna. FOTO: OLE-OTTAR HØGSTAVOLL/Vikebladet Vestposten.

Dette seier seniorrådgivar Robert Voldnes i ÅKP etter å ha lest ein artikkel i Vikebladet Vestposten, der kommunikasjonsbyrået Møre Media trekk fram ÅKP-programmet StepUp og, særskilt, Robert Voldnes som seniorrådgivar, som ein positiv faktor i etableringsfasen til byrået. Til avisa seier Caroline H. Engeset i Møre Media: 

– Ved å delta på STEPUP-programmet til ÅKP og ved å gå vidare i inkubasjonsprogrammet dei tilbyr, har vi kome eit solid stykke på vegen i å finne ut kven Møre Media er i dag, og kvar vi vil at vegen skal gå vidare. Den prosessen vi har vore gjennom, kan vi også nytte til å hjelpe andre verksemder – til dømes dei som ser føre seg å skape seg ein heilt ny visuell identitet og profil, eller byggje merkevara si.

Les heile artikkelen her.

Det som vert sagt om ÅKP StepUp varmar rådgivarhjarta i ÅKP. På vegne av teamet seier Voldnes: 

IMG_4881.JPEG
Robert Voldnes.

– Det som er formålet med programmet ÅKP StepUp er å gi deltakarbedriftene verktøy og innsikt slik at dei evner ennå betre å sjå framover, tenke moglegheitsrom, samt avklare eigne ambisjonar. Slikt arbeid er viktig for å deretter kunne lage seg gode planar for gjennomføring, seier Voldens, og legg til:
– Difor er det ekstra triveleg  for oss å sjå at Møre Media trekk ÅKP og programmet  fram som ein positiv faktor i si utvikling. Kva gjeld StepUp så er det nettopp slike selskap som Møre Media vi gjerne vil nå ut til.   Dette er mellom anna fordi dei er fleire i teamet, dei har ulik alder og kvalifikasjonar elles, og viser ambisjonar både for eiga bedrift og med sterk tru på regionen.


Lurer du på om StepUp er noko for di bedrift? Neste kull startar 5. april. Ta kontakt med Robert her.

Les også: – Alt å vinne ved å delta i ÅKP StepUp

Møre Media 2.jpg
Borgstein: Møre Media held til i bygget ein ser bak dei, Borgstein-bygg nummer sju – det nyaste. Der leiger dei eit kontor av Bygt. FOTO: OLE-OTTAR HØGSTAVOLL/Vikebladet Vestposten.