Utforskar mogligheitene for bærekraftig reiseliv i Verdensarvområdet
Stranda kommune samarbeider med ÅKP i eit forprosjekt som skal belyse mulighetsrommet for reiselivet i Verdensarvområdet, når krava til nullutslipp blir innført framover mot 2026. Gjennom ÅKP Idélab har reiselivsaktørene, kommuneleiinga og berørt næringsliv vore samla til idéworkshop for å utvikle bærekraftige forretningsmodeller for framtidas grøne destinasjon.
Stranda kommune står overfor betydelege krav til utsleppsreduksjon i verdsarvfjordane fram mot 2026. Dette vil sannsynleg innebere ein kraftig reduksjon i cruiseanløp i havneområdet til Stranda Hamnevesen KF, og påfølgjande reduksjon i inntektsgrunnlaget til både Stranda Hamnevesen KF og private næringsdrivande som i dag hentar inntektsgrunnlaget sitt frå cruiseturistar.
Med utgangspunkt i denne utfordringa ynskjer Stranda kommune å få kartlagt mogleg handlingsrom for reiselivet i kommunen fram mot, og etter, 2026 samt korleis ulike strategiske val i verdsarvområdet kan gje konsekvensar for næringslivet i regionen. Dette skal gjøres gjennom å skissere berekraftige verdikjeder på sjø og land basert på aktuelle scenarier framover mot og etter 2026.
-Miljø i verdsarvfjorden handlar om meir enn forureining. Det handlar også om korleis bygdesamfunna langs fjorden skal utvikle seg.
Det seier ordførar Jan Ove Tryggestad etter at den første workshopen var over. Han meiner dette kan bli krevjande, men kommunen har valt å vere offensiv i møte med krava, og vil kome opp med tiltak for å få ei berekraftig utvikling også for lokalsamfunna i området.
Fra forprosjekt til hovedprosjekt
Kartlegginga skal gjennomførast som eit forprosjekt som skal kunne vidareførast i eit hovudprosjekt kor ein går nærare inn i ein eller fleire av dei problemstillingane og/eller moglege løysingane som er skissert i forprosjektet. Eit eventuelt hovudprosjekt skal lysast ut som offentleg anskaffing.
Lokalt har det vore stort engasjement for å redusere cruisetrafikken i Geiranger, samt fjerne miljøavtrykket fra skipa. Eit enstemmig stortingsvedtak er gjort gjeldande, basert på at verdensarvfjordane skal være nullutslippsområde fra 2026. I arbeidet med dette vedtaket vart det ikkje teke hensyn til at det i 2026 ikkje ville finnes store cruiseskip med teknologi til å bli nullutslippsskip.
Bransjen antyder nå at dette kan skje mellom 2030 og 2035. Med dette som bakteppe var det i forkant ikke utredet konsekvensene for reiselivet ved at skipene forsvant fra Geiranger, men det er grunn til å tro at det vil kunne få effekt på reiselivsnæringen.
Idéutvikling for å utforske moglegheitene
- Det eineste som ligger fast over tid, er at Geirangerfjorden fortsatt vil være et attraktivt reisemål,
seier Oddbjørn Hatløy, som er ÅKP sin prosjektleiar. Saman med kollega Tom Christian Dahl leia han den første idéworkshopen for aktørane frå Stranda kommune.
Eit av hovundspørsmåla var der å belyse korleis reiselivsnæringa skal organisere tilstrømming på sjø og land, der ein ser dette inn i eit nytt heilskapeleg system som ivaretek lovpålegg, stortingsvedtak og mest mulig inntjening til regionens reiseliv, herunder også Stranda kommune. ÅKP AS vil i samarbeid med PwC Stryn gjennomføre en koordinert prosess framover våren, for å belyse og utforske utfordringa som er definert
Stranda kommune inngår i det regionale partnerskapet for entreprenørskap og vekst, der 14 kommuner på Nordvestlandet samarbeider med utgangspunkt i ÅKP AS.