Støtte til omstillingsprosjekt

Mafoss får fylkeskommunal støtte på kr. 650.000 for å leite etter måter og effektivisere offshore subsea-flåten og finne nye marknader.

ÅKP
olympic zeus.jpg

Krevande situasjon for maritim næring

Møre og Romsdal fylkeskommune lyste i vår ut omstillingsmidlar for den delen av næringslivet som er hardast råka av oljenedturen. Mafoss, som er ei interesseforeining for den maritime industrien på Søre Sunnmøre, har søkt støtte til å finne nye bruksområde for undervassteknologi. Dei ønskjer å effektivisere subsea-operasjonane ved å ta i bruk ny teknologi på fjernstyrte fartøy, robotar og avansert sensorteknologi. Prosjektet har ei kostnadsramme på kr. 1 294 750.

- Det er ein dramatisk nedgang i etterspurnaden frå offshoremarknaden, og prosjektet går rett inn i kjernen av det som er utfordringane til den maritime klynga i 2016, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad. næringssjef møre og Romsdal fylkeskommune

Mafoss skal gjennomføre fleire samlingar med sentrale aktørar i den maritime næringa, og vil hente inn kompetanse både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet skal ligge under GCE Blue Maritime under leiing av Mafoss. GCE Blue Maritime fekk også omstillingsmidlar før sommaren, og planen er at desse to prosjekta skal utfylle kvarandre. Regional- og næringsutvalet behandla saka tysdag 6. september. Her kan du lese heile saksframlegget.