Nytt vekstprogram for små, maritime bedrifter

Klyngeprogrammet GCE Blue Maritime, ÅKP og Mafoss held i desse dagar på å rekruttere inn seks-sju bedrifter til eit nytt vekstprogram for små, maritime verksemder.

ÅKP
Båtbaug.jpg

– Vi ser føre oss mindre bedrifter med to til ti tilsette. Dei kan til dømes vere knytt til leverandørindustrien maritimt, sei seniorrådgjevar og kompetansemeklar Robert Voldnes, ved ÅKP sitt kontor på søre.

robert 2.jpg
Robert Voldnes.










Han er fagleg ansvarleg for programmet, og opplyser at dette kan vere verksemder som har sett seg mål av å vekse anten med nye produkt eller tenester i kjende marknader, eller gå ut i ukjende marknader.

– Vi ser at seljarrolla endrar seg, og at det er meir fokus på databruk og skjerm, samd sal via digitale flater, som det heiter. Difor inneheld programmet som går over fem samlingar også bruk av ÅKP sitt nye studio for trening, fortel Voldnes, og legg til: 

– I tillegg vert det arbeidd med anerkjend metodikk der verksemda får jobbe med vekststrategi i lag med eigen mentor.  Klyngeprogrammet GCE sponsar store delar av dette, slik at det vert rimeleg for verksemda å ta del i programmet.  Reint fysisk vil noko skje i Ulsteinvik på Skaparhuset, og noko ved ÅKP sin eigen arena i Ålesund.

Det første kullet er tenkt starta opp oktober.

– ÅKP har som kjent mange ulike program og aktivitetar knytt både til oppstart, vekst og skalering.  Men dette programmet er eit heilt nytt og spesialtilpassa program for denne målgruppa, og vert altså no køyrd for første gong. Interesserte må gjerne ta kontakt med Jan Tormodsæther på Mafoss eller meg avsluttar Robert Voldnes. 

Meir informasjon og kontaktinformasjon finn du her