Ny prosjektleiar for den maritime klynga

Kva får du om du kryssar internasjonal erfaring med engasjement for maritim sektor og eit ønske om å bringe den maritime klynga heilt fremst i utviklinga av utsleppsfrie skip? Jo, då får du Daniel Garden, den nye prosjektleiaren for GCE Blue Maritime Cluster.

ÅKP
_MAO1659 _1_.jpg

– GCE Blue Maritime Cluster har ein spesiell posisjon hos dei maritime bedriftene og er ein viktig nøkkel i samarbeidet mellom privat næringsliv, verkemiddelapparatet og styresmaktene. Å få delta i denne dynamiske sfæren er veldig spanande. Eg ser med stor entusiasme fram til å ta til i min nye jobb, seier Daniel Garden.

Han startar for fullt i ÅKP som prosjektleiar for GCE Blue Maritime Cluster frå 1. september. Til ÅKP går han frå jobben som dagleg leiar i Ulstein Næringsforum.

Frå tidlegare har Garden lang erfaring frå maritim sektor. Blant anna har han vore key account manager i Dalhoff Larsen & Horneman A/S i Danmark, der han jobba med å importere råvarer til skipsmøbelproduksjon. Seinare blei han sjef i Optimera Marine, som er ein del av det franske storkonsernet Saint-Gobain. Der vart han etter kvart direktør for konsernet sin maritime divisjon, og var mellom anna med å starte opp Norwegian Cruise & Ferry Group, eit bransjenettverk som no er fasilitert av nettopp den maritime klynga og ÅKP. Garden trur erfaringa han har gjer at han kjem til stillinga som prosjektleiar med eit nyttig marknadsperspektiv:

 – Gjennom femten år i internasjonal, og etterkvart norsk skipsbyggingsbransje, vil eg kunne bidra med eit marknadsperspektiv som kan vere til nytte i arbeidet for GCE Blue Maritime Cluster. Eg byrja med skipsbransjen i utlandet, men kom til slutt til Norge, og hadde kanskje ein litt annan «skule» enn om eg hadde byrja i ei lokal bedrift først.

FaktaGCE.jpg


Vil vere fremst

Garden går til stillinga for klynga med optimistisk framtidstru.

– Eg har eit engasjement for skipsbyggingsbransjen og maritim sektor, og eg er viss på at mange av løysingane til morgondagen sine utfordringar vil ha sitt utspring nettopp frå maritim bransje, seier han, og legg til:

– GCE Blue Maritime sin nye strategi, New Blue Deal, er ambisiøs og relevant og kan ta norsk maritim klynge fremst i utviklinga av utsleppsfrie skip av industriell skala.

Ei ny tid

Daniel Garden tek over som prosjektleiar etter Per Erik Dalen. Sistnemnde har hatt denne rolla i tillegg til stillinga som dagleg leiar for ÅKP, samt fleire styreverv. Desse rollene held Dalen fram i, men han er glad for at han no får styrka laget i ÅKP med Daniel Garden.

– Daniel har lang erfaring, og innblikk i, den maritime sektoren, og har også vore involvert i GCE Blue Maritime Cluster frå tidlegare arbeidserfaring. Eg er viss på at vi no har fått både ein kompetent, og ikkje minst engasjert prosjektleiar, som kjem til å gjere ein god jobb for medlemsbedriftene i GCE Blue Maritime Cluster, seier Dalen.

Han meiner at han gir stafettpinnen som prosjektleiar vidare i ei særs spanande tid: 

– Den maritime klynga må omstille seg til ei ny tid med nye krav. Dette er òg klynga sin nye strategi, New Blue Deal, eit vitnesbyrd om. Strategien set seg høge mål, men den maritime klynga på Møre har vist tidlegare at den kan snu seg rundt, og den vil klare å snu seg rundt også denne gangen. Eg trur Daniel vil vere ein dyktig samlande faktor i dette arbeidet, seier Dalen og legg vekt på at den nye prosjektleiaren vil dra nytte av brei kompetanse i ÅKP sitt nettverk.

– ÅKP driv GCE Blue Maritime Cluster på vegne av medlemsbedriftene. Det var ÅKP som skaffa klynga status som Center of Expertice i 2004, Norwegian Centre of Expertise i 2006, og Global Centre of Expertise i 2016, alt som først i Norge. For dette arbeidet ble ÅKP kåret til beste klyngeorganisasjon i Europa. Det er ikkje tvil om at klynga har gitt heile regionen stor nasjonal og internasjonal oppmerksomhet, i tillegg viktige økonomiske midlar, seier Dalen.

Samspel

Garden sjølv trur at samspelet den maritime klynga gir er viktigare enn nokon gong.

– Eg er fast i trua på at mange bedrifter saman kan klare å få til mykje meir enn kva kvar einskild kan greie åleine. Ja, vi er ei utfordrande tid som krev omstilling, men det skal vi klare – saman, slår Garden fast.

FaktaÅKP.jpg