New Blue Deal i praksis

New Blue Deal, strategien til GCE Blue Maritime Cluster, er ikkje berre fine ord, men skal resultere i konkrete prosjekt. Marknadsgruppa jobba i si siste samling vidare med å kartlegge marknaden og rekruttere inn rederi og operatørselskap med eigne ambisjonar om lav- og nullutsleppskip i sine operasjonar.

ÅKP
MicrosoftTeams-image _3_-beskjært.jpg

På bildet, fra venstre: Rolf Fiskerstrand, Bjørn Halfdan Leine, Stein A. Orø, Liv Hege Seglsten, Jan Børre Rydingen (GCE Blue Maritime Cluster/ÅKP), Jose Jorge Garcia Agis, Daniel Garden (GCE Blue Maritime Cluster/ÅKP), Heidi Nakken (GCE Blue Maritime Cluster/ÅKP).
På møtet, men ikkje på bildet: Tore Fiskerstrand, Olav Lauvås, Karoline Seth, Roger Paul Haugen, Christian Utvik.

Klyngebedriftene vil så få moglegheit til å saman med kvart case, gå gjennom deira skipsoperasjonar og avdekke hindringar for nye lav- og nullutsleppsteknologiar. Desse hindringane skal verte forskings-, utviklings- og innovasjonsprosjekt i GCE Blue Maritime Cluster.

Reiarlaga får delta i FoUI-arbeid med verdas leiande miljø innan maritime teknologiar, og jobbe fram nye, tilpassa løysingar til eige bruk  saman med desse . Klyngebedriftene utviklar nye løysingar som dei så kan tilby også til andre kundar, samt jobbe tett saman med andre klyngebedrifter og utvikle ny forretning.

Marknadsgruppa sitt mandat er å operasjonalisere New Blue Deal-strategien. Strategien tek sikte på å halde på, og forbetre, den viktige posisjonen norsk maritim industri har internasjonalt – som ein leverandør av det siste innan maritime løysingar.

Prosessen er leia av Heidi Nakken og Andreas Nystøl i GCE Blue Maritime Cluster.