Frukostmøte om bruk av AI og digitalisering

Hoppid og ÅKP inviterer no både etablerte næringsdrivande og nye gründerar til frukostmøte.

ÅKP
Michael og Robert.jpg

På bildet: Michael Carroza (t.v.) og Robert Voldnes. 

Her kan ein få innsikt i korleis ein kan starte eiga bedrift, kva moglegheiter verkemiddelapparatet tilbyr, og korleis digitalisering og kunstig intelligens kan integrerast i næringslivet.

Møteplass for innovasjon

Frukostmøta blir haldne på Hareid Folkebibliotek, Skaparhuset i Ulstein og Thon Hotel Fosnavåg.

Robert Voldnes, seniorrådgjevar i ÅKP, forklarer at initiativet er eit resultat av samarbeid mellom fleire aktørar, som Ulstein Næringsforum og Vekst i Hareid.

– Vi ønskjer å skape ein møteplass der både gründerar og etablerte bedrifter kan lære om digitalisering og kunstig intelligens og korleis desse verktøya kan gjere kvardagen enklare, seier Voldnes.

Ifølge Voldnes er det også eit mål å rette søkelyset på Hoppid-fondet, midlar som er særleg relevante for dei som vurderer å starte for seg sjølv.

Han understrekar kor viktig det er å informere om forskjellen mellom Hoppid-fondet og det vanlege næringsfondet, sidan Hoppid-midlane er for dei som vurderer nye retningar i bedrifta si, ikkje berre vanlege utviklingsprosjekt.

Digicat er med

Som ein del av programmet vil rådgjevar Michael Carroza frå Digicat, ein digital katapult under ÅKP, snakke om moglegheitene som ligg i digitalisering og kunstig intelligens.

– Vi jobbar med å hjelpe bedrifta til å bli meir digitale gjennom prototypar og testing, forklarar Carroza.

Han ser frukostmøta som ein fin sjanse til å formidle korleis Digicat kan assistere både små og store bedrifter med digitale løysingar og kunstig intelligens.

Voldnes er understrekar at hoppid.no- tilbodet ikkje har tersklar.

– Det skal vere tilgjengeleg og enkelt å få hjelp, seier Voldnes.

Frukostmøta blir haldne på Hareid tysdag 19. november, i Ulsteinvik tysdag 26. november og i Fosnavåg på eit seinare tidspunkt.

– Dette er fyrste gong vi prøver frukostmøte-formatet saman med Digicat, og om det blir ein suksess, ser vi fram til å eventuelt gjenta det til våren, avsluttar Voldnes.

Vikebladet har snakka med fleire om moglegheitene frukostmøta kan gi. Les heile artikkelen Ingrid Gjerde i Vikebladet her.

Vil du lese meir eller melde deg på? 

Klikk her for 19. november i Hareid

Klikk her for 22. november i Fosnavåg

Klikk her for 26. november i Ulsteinvik