Teknomagi 2025
Konferanser 12. juni inviterer vi saman med Tussa IKT, Nordea og NTT Security til ein magisk og matnyttig teknologikonferanse som passar for deg som både vil bli inspirert og sjå ny teknologi implementert.

Teknologi har alltid hatt noko magisk ved seg...
Vi står i ei ny bølgje av teknologisk utvikling, og det som før var framtidsvisjonar er ikkje berre realitetar – men moglegheiter. For å utnytte moglegheitene på ein trygg, ansvarleg og berekraftig måte må vi forstå teknologien.
På Teknomagi 2025 får du høyre frå dei som formar utviklinga, utfordrar det etablerte, og gjer teknologi til ein strategisk ressurs. Vi ser forbi overskriftene, på korleis bedrifter kan ta i bruk ny teknologi for å liggje i forkant av konkurransen.
- KI har gjort sitt inntog i kvardagen vår, men kva er neste steg? Korleis implementerer vi ny teknologi i bedrifta på ein verdiskapande, sikker og berekraftig måte?
- Den globale geopolitiske situasjonen utfordrar oss, og stiller nye krav til innovasjon, sikkerheit og kontroll. Korleis styrer vi med kløkt gjennom usikre tider?
- Vi høyrer frå bedrifter som har lukkast i å utnytte teknologi som konkurransefortrinn. Kva er dei viktigaste fallgruvene vi må unngå?
Konferansen finn stad på NMK i Ålesund 12. juni 2025 kl. 10. Vi har med oss forfattar Bjørn Vatne som konferansier, og etter det faglege programmet kan du bli med på middag med underhaldning av Arne Hjeltnes og Stig Bareksten.