Gå til til aakp.no

Vekstprogram for reiseliv

Vi søker etablerte reiselivsbedrifter med vilje, evne og potensial til vekst!

ÅKP
Vekstprogram reiseliv.jpg

ÅKP tilbyr no eit unikt vekstprogram for etablerte reiselivsbedrifter i regionen

Programmet er retta mot etablerte reiselivsbedrifter på Sunnmøre med meir enn ein tilsett, som ynskjer:

•å tilpasse seg og gjere strategiske endringar i forhold til utfordringar og moglegheiter som har oppstått med «det grøne skiftet» og koronapandemien
•berekraftig og lønsam vekst
•heilårsdrift


KVA FÅR BEDRIFTA IGJEN FOR Å DELTA I PROGRAMMET

·Bedrifta skal gjennom programmet få bistand, både gjennom gruppesamlingar og 1:1 rådgjevning - til å utvikle ein gjennomarbeida strategi og forretningsmodell med realistiske målsetjingar og marknadsverktøy, som gir bedrifta økt lønsemd og konkurransekraft

·Bedrifta vil få bistand til å gjennomgå eigne produkt, tenester og prismodellar for å auke lønsemda
·Bedrifta vil lage ein  konkret og prioritert handlingsplan for å oppnå si målsetjing om utvikling og vekst
·Bedrifta vil få eit styrka nettverk med andre, gjerne komplementerande aktørar innan reiselivsnæringa i regionen

Vekstprogram reiseliv programinnhald.JPG

PROGRAMDATOAR 

•Samling 1, tirsdag- onsdag 19-20 januar (lunch-lunch samling)
•Samling 2, onsdag 3 februar (fysisk dagsamling)
•Samling 3, onsdag 17 februar (fysisk dagsamling)
•Samling 4, Bli-god-på-nett, februar/mars (digital samling)
•Samling 5, onsdag 24 mars (fysisk dagsamling med middag etterpå)
•1:1 Rådgjevning til bedriftene undervegs, samt ettermøte med oppfølging av handlingsplan

KVEN KAN SØKE?

Programmet er retta mot etablerte reiselivsbedrifter på Sunnmøre med meir enn ein tilsett, som ynskjer:

•å tilpasse seg og gjere strategiske endringar i forhold til utfordringar og moglegheiter som har oppstått med «det grøne skiftet» og koronapandemien
•berekraftig og lønsam vekst
•heilårsdrift

Bedriftene må vere motiverte og villige til å investere i eiga tid både i deltaking på samlingar og arbeid mellom samlingane. Det er ein fordel om bedrifta kan stille 2 deltakarar i programmet.

For informasjon eller påmelding, ta kontakt med programansvarleg Elisabeth Remøy på  telefon 911 25 319  eller mail til elisabeth.remoy@aakp.no. Siste frist for påmelding 6. januar 2021.

Programmet har begrensa antall plassar. Ved fleire interessente enn det er kapasitet å ta opp i programmet, vil ein søke å ta opp bedrifter som er komplementære i tenestetilbod og regional tilhøyrighet.

Programmet er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune og Ålesund Kommunes Næringsfond.