Klynger & samarbeid

NO

MENU

NO

VG2-elevar fekk teste teknologi i praksis hos Norsk katapult Digital

12. mai 2026

To VG2-elevar frå Ålesund videregående skole har den siste perioden hatt utplassering hos Norsk Katapult Digital, der dei har fått arbeide praktisk med robotteknologi, programmering og problemløysing.

Gjennom opphaldet har André Grinik Henriksen og Isabelly De Oliveira Rangel jobba med både mekanisk bygging og justering av robot, styring av servoar med kode, utvikling av webbasert kontrollsystem, 3D-printing og bruk av Raspberry Pi.

I rapporten frå prosjektet trekk elevane særleg fram kor mykje dei har lært gjennom testing og feilsøking:

— Vi har også lært at utviklingsprosessar ofte inneber mykje feilsøking og testing før ein får ei løysing som fungerer stabilt, skriv dei.

Elevane peikar også på at prosjektet gav praktisk erfaring med både teknologi og problemløysing:

— Sjølv om roboten ofte slutta å fungere, lærte vi mykje gjennom å finne feil og rette dei. Ved slutten av prosjektet har vi ein robot som kan styrast via eit webpanel, og vi har begynt å forbetre den ved hjelp av 3D-printa delar.

Michael Carroza i Norsk Katapult Digital meiner slike opphald er viktige for å gi elevar innsikt i korleis teknologi blir utvikla og brukt i praksis.

— For oss i Norsk Katapult Digital er dette akkurat det vi ønskjer å bidra til, å gi elevar og framtidige fagfolk eit trygt innblikk i teknologi, utvikling og praktisk problemløysing.

Han takkar både skulen og elevane for samarbeidet:

— Ein stor takk til skulen for samarbeidet, og takk til André og Isabelly for innsatsen, nysgjerrigheita og arbeidet de har lagt ned hos oss. Vi håpar opphaldet har gitt nyttig erfaring og inspirasjon vidare – anten vegen går mot IT-drift, support eller IT-utvikling.