Klynger & samarbeid

NO

MENU

NO

Hub for Future 2026: Krafta til å gjennomføre  sammen

Hub for Future 2026: Krafta til å gjennomføre  sammen


Stad har i hundrevis av år vore eit skilje. Havet utanfor er eitt av dei mest krevjande farvatna langs kysten, og fylkesgrensa har lagt eit administrativt skilje oppå det geografiske. Men industrien har aldri brydd seg mykje om grenser. Verft, reiarlag, leverandørar og havbruksselskap i Nordfjord og på Sunnmøre har handla med kvarandre, rekruttert frå kvarandre og konkurrert med kvarandre i generasjonar. Når Hub for Ocean inviterer til Hub for Future 2026 i Fosnavåg 18.–19. november, er ÅKP og MAFOSS med som samarbeidspartnarar. Temaet er Krafta til å gjennomføre. 

Stad skipstunnel: frå sperre til bindeledd

Stad skipstunnel er meir enn eit samferdselsprosjekt. Han er eit symbol på korleis regionen kan sjå seg sjølv: som éin samanhengande kyststrekning med felles interesser. Tunnelen vil gjere seglinga tryggare og meir føreseieleg, og dermed binde verdikjedene nord og sør for Stad tettare saman.

-Stad skipstunnel handlar om tryggleik for dei som ferdast langs kysten, men også om å knyte saman ein region. Når farvatnet ved Stad ikkje lenger er ei sperre, opnar det seg nye moglegheiter for samarbeid og verdiskaping på begge sider-, seier Kirsti Slotsvik, Daglig leiar i ÅKP.

 Tunnelen er eit utgangspunkt. Skal regionen hente ut dei ringverknadene prosjektet kan gi, kan vi ikkje vente til tunnelen står ferdig. Relasjonane, prosjekta og leverandørkjedene må byggjast allereie no. Derfor opnar konferansen med Stad skipstunnel og ein paneldebatt om ringverknader. Det er ein naturleg start på eit samarbeid vi meiner berre er i begynnelsen. 

Industrielt samarbeid som konkurransefortrinn

 Nordvestlandet har eitt av dei mest komplette maritime miljøa i verda, med design, verft, utstyr, reiarlag, havbruk og fiskeri. Styrken vår har alltid vore korte avstandar og tett samhandling. Men den grøne omstillinga, digitaliseringa og kampen om kompetanse krev meir enn kvar enkelt bedrift eller kvart enkelt miljø klarer åleine.

Derfor støttar ÅKP og MAFOSS opp om Hub for Ocean sitt arrangement. MAFOSS, med leiar Jan Thormodsæter, er ein viktig partnar i samarbeidet over Stad.

– Bedriftene våre møter kvarandre allereie som kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar på begge sider av Stad. Det vi treng no, er å gjere dette meir systematisk. Når vi samlar kompetansen og kapasiteten i heile regionen, kan vi ta større oppdrag og stå sterkare i konkurransen internasjonalt, seier Jan Thormodsæter, leiar i MAFOSS.

Når klyngene og næringsmiljøa i Nordfjord og på Sunnmøre samarbeider, får vi større volum, sterkare kompetanse og meir tyngde i møte med kundar, investorar og styresmakter. Mission Zero, fornybar energi og nye fartøyskonsept er område der samarbeid over Stad kan gi løysingar som ingen av oss ville fått til kvar for oss. Konferansen avsluttar med bedriftsbesøk hos MMC First Process, eit konkret døme på industrien vi snakkar om.

 Felles utfordringar krev felles stemme

Verda rundt oss har endra seg. Det geopolitiske biletet gjer beredskap, maritim tryggleik og robuste forsyningskjeder til spørsmål som handlar om nasjonal tryggleik, ikkje berre om bedriftsøkonomi. Kysten vår er kritisk infrastruktur, og industrien her er ein del av totalforsvaret. Dag to av konferansen tek derfor for seg maritim tryggleik, cybersikkerheit og robuste leverandørkjeder.

Samtidig møter vi utfordringar heime. Tilgang på kraft og nett er i ferd med å bli den største flaskehalsen for vekst og omstilling i regionen. Elektrifisering av flåten, hamner og industri står i kø, og kraftpolitikken blir ofte avgjord langt unna kysten.

 – Industrien på Sunnmøre og i Nordfjord har dei same utfordringane, enten det gjeld kraft, kompetanse eller beredskap. Då er det lite fornuftig at vi snakkar kvar for oss. Står vi saman, blir vi høyrde, seier Stein Kvalsund, Dagleg leiar i Hub for Ocean

 Ei stemme frå Nordfjord og Sunnmøre saman veg tyngre enn to kvar for seg.


Hub for Future 2026 handlar om å gå frå ambisjonar til handling. Hub for Ocean har skapt ein møteplass som samlar kysten på begge sider av Stad. ÅKP og MAFOSS står bak fordi vi trur framtida for kystindustrien på Nordvestlandet blir avgjord av kor godt vi samarbeider, både over fylkesgrensa, mellom bransjar og mellom næringsliv og det offentlege. Stad skipstunnel viser kva som er mogleg når regionen trekkjer i same retning. No vil vi byggje vidare på det.

Bli med i Fosnavåg 18.–19. november. Møt industrien, styresmaktene og miljøa som skal forme kysten vår dei neste tiåra.

 

Påmelding og program: hubforocean.no/arrangement/hub-for-future-2026