På jakt etter ny klyngeleiar for GCE Blue Maritime
Ønsker du å ta del i ett av Norges ledende innovasjonsmiljøer? Bli med å led den maritime klynga inn i framtida.

Daniel Garden.
For dei som ikkje har organisasjonskartet klart for seg i hovudet, er den maritime klynga GCE Blue Maritime ein av to klynger under ÅKP-paraplyen. Den andre er den marine klynga, NCE Blue Legasea.
Nyleg vart det kjent at Daniel Garden, som er leiar for den maritime klynga, har fått seg ny jobb. Jakta på hans erstattar er allereie i gang:

– Det skjer særs mykje i både ÅKP og i GCE Blue Maritime Cluster no, så vi har allereie starta arbeidet med å finne Daniel sin erstattar, og vi leitar aktivt etter kandidatar, fortel CEO i ÅKP, Per Erik Dalen.
Han seier at han gjerne skulle hatt Daniel med på laget vidare, men at ei viss omskifting av mannskap er naturleg for eit innovasjonsselskap.
– Vi er ein levande organisasjon som aldri står stille og alltid er i utvikling. Difor er skifte av folk aldri uventa for oss, seier Dalen, og legg til:
– Det som er fint å sjå er at folk som sluttar i ÅKP får seg gode jobbar. Ikkje berre Daniel. Eg kan også nemne Heidi Nakken, som nyleg gjekk frå stilling som leiar for berekraft og samfunn i ÅKP til ei stilling som leiar for Multiconsult i Møre og Romsdal. For ikkje å gløyme Janita Arhaug, som går frå prosjektleiar for fiskeri i NCE Blue Legasea, til dagleg leiar i Sør-Norges Fiskarlag. Dette viser at vi har flinke folk på laget, som er ettertrakta, seier Dalen.

Han trur nettopp det er noko organisasjonen framleis vil pregast av.
– Vi tilset alltid kompetente folk som er flinke på sine felt. No ser vi etter ein ny, dyktig person, som kan leie den maritime klynga vidare. Den vi ser etter må kjenne den maritime næringa, samd næringslivet, industrien og kulturen i regionen.
Daniel Garden seier at han ikkje hadde planar om å slutte i GCE Blue Maritime no.
– I utgangspunktet skulle eg gjerne vore med GCE Blue Maritime vidare ei god stund enno. Vår strategi, New Blue Deal, har horisont fram mot 2030, og mykje av arbeidet er så vidt kome i gang. Klynga og bedriftene har mykje bra i vente. Men ein får ikkje alltid velje timing for når nye moglegheiter byd seg fram, og her måtte eg ta eit personleg val, seier han, og legg til:
– Maritime Montering Group, som eg går til, er ei strålande gruppering selskap som frå sju land arbeider med innreiing av skip. Eg kjenner til selskapet fra langt tilbake, og også eigarane og ein del av dei tilsette har lenge vore bransjebekjentskap. Når eigarane spurde meg i mai, vart det vanskeleg å seie nei til ei slik utfordring og ein slik gjeng.
I si nye stilling lovar Garden eit nytt medlem for den maritime klynga:
– Eg trur mange maritime selskap ikkje er klar over for ei moglegheit dei har gjennom klyngesamarbeid og prosjekt under GCE Blue Maritime. Eg er viss på at MMG vil bruke klynga for alt ho er verd.