Lærlingar og fagansvarlege samla til fagdag på Skaparhuset

God stemning, fagleg påfyll og nyttige erfaringsutvekslingar prega årets fagsamling for lærlingar og lærebedrifter i MAFOSS – den regionale tilretteleggaren for industribedriftene på Søre Sunnmøre, og ein del av ÅKP.

ÅKP
thumbnail_4Y2A7049.jpg

Onsdag 15. oktober inviterte MAFOSS og seksjonen Opplæring i bedrift i Møre og Romsdal fylkeskommune til fagsamling på Skaparhuset i Ulsteinvik. Deltakarane var lærlingar, fagleg ansvarlege og HR-leiarar frå fleire av medlemsbedriftene i MAFOSS-nettverket – som samla, forsterkar og synleggjer den verdsleiande maritime og marine klynga på Søre Sunnmøre.

thumbnail_4Y2A7060.jpg
Jan Thormodsæter og Målfrid Nesje.

Dei faglege innlegga vart leia av Målfrid Nesje, rådgivar for MAFOSS-bedriftene i fylkeskommunen, og samla deltakarar frå mellom anna Ulstein, Green Yard Kleven, Kongsberg, Servi, Evotec, Furene, Myklebust Verft og Larsnes Mek. Også AmEx GBT i Ulstein deltok, og ser no på moglegheita for å ta inn sin første lærling.

Vil du se flere bilder fra fagdagen? Klikk her for å gå til album på ÅKPs Flickr-konto

Lærlingen i sentrum

Den første delen av samlinga handla om lærlingen sitt løp – rettar, plikter og kvardagen i bedrift. Her delte lærlingane Trine og Sigurd frå Ulstein Group erfaringar og refleksjonar rundt kvifor dei valde å bli lærlingar, og korleis systemet kan utviklast vidare for å støtte unge i fagopplæring.

thumbnail_4Y2A7104.jpg

Bedrifta si rolle og ansvar

Neste del tok for seg lærebedrifta sitt ansvar og korleis ein best kan legge til rette for læring og framdrift mot fagprøve. Tema som avtalar, arbeidsplanar og tett oppfølging vart løfta fram, med gode diskusjonar mellom dei faglege leiarane.

Apparatet rundt lærlingen

Avslutningsvis vart støtteapparatet rundt lærling og bedrift presentert – mellom anna lærlingombodet og andre aktørar som bidreg til å sikre kvalitet og framdrift i opplæringa.

thumbnail_4Y2A6967-kopi.jpg

Fagleg og sosial møteplass

Rundt 70 deltakarar fann vegen til Skaparhuset denne dagen. Både fagleg innhald og sosiale pauser gav rom for gode samtalar, nettverksbygging og erfaringsdeling på tvers av bedrifter. Ein god lunsj og mange positive tilbakemeldingar rundet dagen av – og alt tyder på at fagsamlinga blir ein årleg tradisjon også for neste lærlingkull.

Mer fra MAFOSS - klikk her

Alle foto: Anne Marthe Vestre Berge.

thumbnail_4Y2A7032.jpg

thumbnail_4Y2A7108.jpg