Haramskonferansen toppar laget
Møt næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, leiar for REV Ocean Nina Jensen og DNV GL sin toppsjef Ditlev Engel. Få plassar igjen!

Haramskonferansen kan i år by på eit svært spennande program
Vi har som mål å hente viktige stemmer frå den nasjonale debatten til Sunnmøre, samtidig som vi løftar fram dei lokale aktørane som opererer internasjonalt. Vi meiner dette er ein spennande miks som vil gi gode perspektiv på årets tema, berekraftig leiing.
Henrik Dalelid Vedde, dagleg leiar i Haram Næring- og Innovasjonsforum
EIN ATTRAKTIV MØTEPLASS
Haramskonferansen er ein regional næringskonferanse på Sunnmøre som arrangerast av Haram Næring og Innovasjonsforum i samarbeid med ÅKP og Haram kommune. Rundt 200 deltakarar er vente til konferansen som arrangerast i Brattvåg, sentralt i den maritime klynga på Møre. Konferansen har som mål å vere ein attraktiv møteplass for bedrifter der ein får nye impulsar og inspirasjon i kvardagen.
Den dramatiske endringa i offshoreindustrien har lagt som bakteppe for Haramskonferansen dei siste åra. I 2019, er det i forlenging av dette, naturleg å sette «berekraftig leiing» på agendaen. Verdskommisjonen for miljø og utvikling leia av vår eigen Gro Harlem Brundland lanserte omgrepet berekraftig utvikling allereie i 1987. No i dag set FNs 17 berekraftsmål retning på verdssamfunnet. Korleis påverkast norsk politikk og næringsliv av desse? Kva gjer vi for å leie vår utvikling inn mot større miljømessig, sosial og økonomisk berekraft? Kva for nye forretningsmoglegheiter kan dette gi oss?
RØKKE SITT REV OCEAN-PROSJEKT OG NINA JENSEN
Haramskonferansen har som ein av få lykkast med å få Nina Jensen fra REV Ocean som foredragsholdar. Kjell Inge Røkke står som kjent bak prosjektet og fartøyet REV Ocean, i samarbeid med WWF. Dette blir verdens mest avanserte forskingsskip (REV er en forkortelse for Research, Expedition og Vessel). Tidlegare generalsekretær i WWF, Nina Jensen, er tilsett som leiar for prosjektet.
– At vi fekk Nina Jensen til Haramskonferansen for å snakke om REV-prosjektet og bærekraftig leiing er vi godt nøgt med. Ho er ettertrakta som innleiar og vi gleder oss til å høyre meir om planane, sier Vedde.
Forskningsskipet REV Ocean skal da også byggjast i Haram kommune, ved Vard Brattvaag.
FØRSTE MED EIGEN APP
Haramskonferansen lanserer samstundes som første konferanse på Sunnmøre ein egen app som gjer det enklare for deltakarane å melde seg på, halde seg oppdatert om programmet, lese om innleiarane, kommunisere med andre deltakarar og avtale møter. Appen skal også redusere bruken av plast og papir under sjølve konferansen.
Program
Dato: Tysdag 12.02.2019
Sted: Ingebrigt Davik huset, Brattvåg
Tid | Foredragshaldar | Tema |
09.45 – 10.00 | Ordførar Vebjørn Krogsæter | Velkommen |
10.00 – 10.30 | Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen | Regjeringa sin politikk for å sikre berekraft. |
10.30 – 11.00 | Birgit Liodden Director Sustainability, Ocean & Communication, OBR | Creative Ocean city’s alliance |
11.00 – 11.30 | Ditlev Engel, CEO, DNV GL – Energy | Framtidas forretningsmodellar bygd på ny energi |
11.30 - 12.30 | Lunsj |
|
12.30 – 13.00 | Bård Bjørlow, Kongsberg Maritime | Framtidig verdiskaping |
13.00 – 13.30 | Øyvind Tørlen, CEO Jets | Produktutvikling med miljøfokus |
13.30 – 13.50 | Annik Magerholm Fet viserektor NTNU Ålesund | Berekraft i eit kompetanseperspektiv. |
13.50 - 14.10 | Pause |
|
14.10 – 14.30 | Nina Jensen, CEO REV Ocean | Ein forretningsmodell basert på berekraft |
14.30 - 15.30 | Arne Hjeltnes | Det er kysten som skal berga oss |
15.30 | Slutt |
|
Konferansier: Ogne Øyehaug, redaktør Nett.no